Det vart eit årsmøte med noko attåt då Årdal Cognac Club arrangerte historiens fyrste årsmøte. President John Normann Melheim la fram eit årsreknskap med hyggelege tal. Årsoverskotet var på i overkant av 40 000 kroner.
Heller ikkje under valet var det tegn til dramatikk, det sittande styret tok alle attval til applaus frå forsamlinga.
Etter årsmøtet så var det foredrag av Se og Hør grunder Knut Haavik som og opplyste at sommarens foreståande bryllaup ville innehalde Aordal XO. - Jeg kan opplyse at alle mine 152 gjester vil bli servert Aordal XO til kaffen - sa ein engasjert Haavik til forsamlinga.
Årsmøtet vart halde på Klingenberg Hotel og etter eit utsøkt måltid var det Kim Birkedal Hartmann sin tur til å presentere ei rad cognacer for prøvesmaking. Kim trollbatt forsamlinga med sine kunnskaper om cognacen sin histore. Han forklarte og om korleis dei forskjellig typane cognac vart framstillt.
Aordal Cognac Club vil takke Knut Haavik og Kim Birkedal Hartmann for at dei stillte opp for klubben i forbindelse med årsmøtet.