• Heim
  • Om Cognac
  • Styret
  • Vedtekter
  • Medlemsliste

Aordal Cognac Club

For nytarar av den edle drikk

Feeds:
Innlegg
kommentarar

Planar om Frankrike tur

11/06/2009 av aordalxo

Planar om Frankrike tur var ein av sakene som skapte mest debatt på årsmøtet til Årdal Cognac Club. Her er eit lite utdrag av sakene på årsmøtet for 2008.

Druehausting

Druehausting

President John Normann Melheim gjekk gjennom årsmeldinga og beklaga at aktiviteten ikkje har vore i tråd med vedtektene. Han inviterte til diskusjon om å tidfeste medlemsmøta, slik at medlemane er kjende med tidspunktet i god tid. Årsmøte vart samde om at det skal haldast medlemsmøte i januar, mars og september. Det skal sendast ut varsel om møta 1 månad før møte skal haldast. Styret fekk i oppdrag og endre vedtektene i samsvar med ynskje frå årsmøtet og legge endringane fram på neste årsmøte.
Møtet i januar vert eit ordinært medlemsmøte, årsmøte skal haldast i mars. Møtet i september, skal vere opplevelses-/aktivitets-/reisemøte. Forslag til reiser: Frankrike, Ægir, Bestebakken, Turtagrø.

Manglande innbetaling av medlemskontigent
Det er ikkje alle medlemane som er ajour med medlemskontingent og innmeldingsavgift. Årsmøtet var samde om at dette må ordnast. Det vart difor bestemt at det skal lagast bankgiroar som skal leverast til medlemane.
Årsmøtet ba samtidig om at styre må gå gjennom medlemslista og kontrollere om det var medlemar som har vore fråværande på medlemsmøta. Dersom slike finst, må dei kontaktast med spørsmål om dei fortsatt vil vere medlemar. Vedtektene seier noko om frammøte.

Tur til Frankrike
Presidenten orienterte litt om tur til Frankrike. Han sa at Kim Birkedal Hartman vil at vi skal vere 3 dagar hos han, for at han skal kunne vise oss det han ynskjer. Han sa nokre ord om forskjellige reisemåtar, buss, fly, flytog og Norwegian. Årsmøte vedtok at det skal arbeidast mot tur til Frankrike i september 2010. Styre fekk i oppdrag og legge fram eit konkret reiseopplegg på møte i januar 2010, opplegget skal inneholde prisforslag. Interesse for tur må kartleggast og ende opp i forpliktande påmelding.

Nye medlemar
Bjørn Indrebø, Mads Gruben Breivik, Ken Torvanger, Vidar Geir Christensen, Jørgen Asperheim, Svein Hestetun og Tore Einan. Alle vart einstemmig vedtekne som nye medlemar. President og sekretær har vorte kontakta av medlemar 3 dagar etter årsmøte, der det vart lagt fram forslag om ytterlegare 2 nye medlemar. Dette har president og sekretær godkjent og ynskjer dei to nye medlemane velkomne. Dei to er: Morten Høyum og Rolf Ole Kleiven.

Det var to personar i styret på valg, president og sekretær. Begge vart gjenvalgt med akklamasjon.

Styret vert då slik:

President: John Normann Melheim, valgt for: 2009 – 2010
Visepresident: Torstein Egil Kvam, ikkje på valg 2008 – 2009
Sekretær: Audun Hellebø, valgt for: 2009 – 2010
Styremedlem: Stig Klingenberg, ikkje på valg: 2008 – 2009
Styremedlem: Frank Øyre, ikkje på valg: 2008 – 2009

Styret ytra ynskje om at det vart valgt ein valgkomite på 3 personar. Det vart vedteke.

Valgkomite vart:

Harald Thune, leiar
Alf Inge Holsæter
Rune Hellebø

Posta på Nyheiter | No Comments Yet

  • Siste innlegg

    • Planar om Frankrike tur
    • Årsmøte med noko attåt
    • Framleis heilt i toppen
    • Årsmøte i Aordal Cognac Club
    • Aordal XO passerte 6000 flasker
  • Arkiv

    • juni 2009
    • april 2008
    • januar 2008
    • desember 2007
    • mai 2007
  • Sider

    • Medlemsliste
    • Om Cognac
    • Styret
    • Vedtekter
  •  

    juni 2009
    M T W T F S S
    « Apr    
    1234567
    891011121314
    15161718192021
    22232425262728
    2930  
  • Meta

    • Logg inn
    • Innlegg-RSS
    • Kommentar-RSS
    • WordPress.com

Blogg på WordPress.com.

Tema: Mistylook av Sadish.