• Heim
  • Om Cognac
  • Styret
  • Vedtekter
  • Medlemsliste

Aordal Cognac Club

For nytarar av den edle drikk

Kjelder:
Innlegg
kommentarar
« Planar om Frankrike tur

Medlemsmøte

22/02/2010 av aordalxo

Årets fyrste medlemsmøte vart halde på Torgloftet 12 februar. Etter at nye medlemar vart ynskt velkomne vart det mellom anna informert om den planlagde turen til Frankrike i haust.

Desse møtte på medlemsmøtet:
Morten Høyum, Ole Kristian Øren, Kan Torvanger, Harald Thune, Jan Bent Høyum, Rune Hellebø, Tom Hellebø, Inge Lindborg, Normann Walaker, Henrik Rønningen, Frank Øyre, Audun Hellebø, Torstein Kvam, John Normann Melheim, Stig Klingenberg,Kjetil Straumsheim, Svein Hestetun og Kjell Midtun.

Sakliste:

1. Velkommen til gamle og nye medlemar med presidenten.
2. Gjennomgang og arjourføring av medlemskontingen i klubben.
3. President og visepresident orenterte om tur til Frankrike.
4. Ymse.

Sak 1:
Presidenten helsa alle velkomne til årets fyrste medlemsmøte. Han orienterte om den nye møteplanen som vart vedteken på siste årsmøte. Neste møte vert årsmøte i mars. Møte deretter vil vere tur til Frankrike i september/oktober.
Han opplyste og om at vi har fått inn ny forsending av cognac-glas. Salget til no har gått dårleg og han oppfordra medlemane til aktivt å vere med og selge glas.

Sak 2:
Mange av medlemane er ikkje ajour med betaling av medlemskontingent, kr 200,- pr. år og innmeldingsavgift, kr 200,-. Innmeldingsavgift er ei avgift som årsmøte har vedteke, skal betalast av nye medlemar, dvs. dei som ikkje vart medlemar frå starten. Avgifta er betaling for å kunne nyte godt av dei goda som er skapt frå starten. Medlemsmøte vedtok at medlemskoningent og innmeldingsavgift må innan 1. mars 2010 vere innbetalt på konto i Indre Sogn Sparebank.

Sak 3:
Orientering om tur til Frankrike.
Presidenten la fram 2 alternative reisetidpunkt med direkte fly tur/retur, Gardermoen/Bordeaux. Flyreise kostar ca. kr 2.000,- tur/retur pr. person. Medlemsmøte sette opp i priotert rekkefølge tidspunkt for turen.

1. prioritet: 01. – 04. oktober 2010.
2. prioritet: 24. – 27. september 2010.

Reise til og frå Gardermoen vert organisert når vi veit kor mange som vert med på turen.
Vi må ha fri heile fredag og mandag. Det kan og vere lurt og ha moglegheitar for å komme litt ut på dagen tirsdag. Vi kjem til Gardermoen seint på mandags kvelden, rundt midnatt.

Torstein har fått eit program frå Kim som skisserar eit opplegg han har nytta tidlegare. Programmet kostar 880 euro og inkluderar 3 overnattingar, busstransport, omviningar, vinkurs, smakingar, lunsj og middagar med drikke. Dersom nokon ynskjer enkeltrom kjem eit tillegg på 75 euro.

Sak 4:
Årsmøte skal holdast i mars i eigna lokal som styret bestemmer.
Formann i valgkomiteen har fått oversikt over kven som er på valg.

Lik dette:

Lik
Ver den første til å like dette post.

Posta på Nyheiter | Kommenter innlegget

  • Siste innlegg

    • Medlemsmøte
    • Planar om Frankrike tur
    • Årsmøte med noko attåt
    • Framleis heilt i toppen
    • Årsmøte i Aordal Cognac Club
  • Arkiv

    • februar 2010
    • juni 2009
    • april 2008
    • januar 2008
    • desember 2007
    • mai 2007
  • Sider

    • Medlemsliste
    • Om Cognac
    • Styret
    • Vedtekter
  •  

    februar 2010
    m ty o to f l s
    « Jun    
    1234567
    891011121314
    15161718192021
    22232425262728
  • Meta

    • Registrering
    • Logg inn
    • Innlegg-RSS
    • Kommentar-RSS
    • WordPress.com

Blogg på WordPress.com.

Tema: MistyLook av Sadish.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Driven av WordPress.com